Hopp til innhold

Bunad på Unesco, kva nå? Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling?

10.08.2026 kl. 14:30 - 15:30

Frivillighetsteltet (Jaktekaia)

Nå er det over eitt år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv.
Arbeidet har berre såvidt begynt. Vi har mange ballar å halde i lufta: mangel på systover og lærlingplassar, for låg rekruttering til faget, vi må jobbe for betre utdanningsmoglegheiter, og vi må saman med fagmiljø, brukarar, og staten skape eit lag rundt fagfeltet.

Alt dette er store område og langsiktig arbeid. Og midt i dette store, møter vi det som i nået er noko mindre, men likevel ikkje ubetydeleg: Korleis skal vi møte utvikling og endring innanfor bunadfaget? Korleis skal vi handtere og kome i møte motar og trendar? Der noko er som døgnfluger å rekne, og noko er kome for å bli, opp mot tradisjonar og normer? Korleis skal vi balansere det nye?

I panelet: Camilla Rossing , leder for Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Siri Sveen Haaland , daglig leder i Sidserk AS, Kahtrine Gregersen, Det Norske Samlaget tidligere husflidskonsulent og ansatt i Norsk Flid Kristiansand/Mandal, Lill Engeseth Andersen, lærling hjå Norsk Folkedraktforum og Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag.

I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane, og vi må sørgje for å også halde tradisjonen levande og i utvikling.
Kontaktperson
Studieforbundet kultur og tradisjon (Frivillig organisasjon)
Telefon
+4741809366
E-post
torunn@kulturogtradisjon.no
Arrangør(er):
STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum

Ordstyrer:

  • Ellen Krageberg Norges Husflidslag
    direktør

Medvirkende:

  • Camilla Rossing Norsk instituu for bunad og folkedrakt
    direktør
  • Siri Sveen Haaland Sidserk
    dagleg leiar
  • Kathrine Gregersen Det Norske Samlaget
    tidl. husflidskonsulent
  • Terje Lia Norges Husflidslag
    styremedlem
  • Lill Engseth Andersen Norsk Folkedraktforum
    lærling
Type arrangement:
Samtale
Tema:
Kultur og frivillighet, Næring og økonomi