Hopp til innhold

E39 Sogn og Fjordane – venting er den dyraste løysinga

12.08.2026 kl. 15:30 - 16:15

MS Sandnes (Langbryggen 20)

Kvart år som går utan vedtak om oppstart av tunnelen gjennom Hafstadfjellet på E39 gjennom Sogn og Fjordane gjer at prosjektet vert dyrare. Nye krav til miljø og tryggleik kjem på toppen av prisveksten. Det som var planlagt som eit nødvendig prosjekt for ti år sidan, har nesten dobla seg i kostnad - utan at ein meter er bygd. I tillegg står fleire flaskehalsar på vent på E39, på stader det ikkje er passering for to bilar. Dette er situasjonen på hovudferdselsåra i Vestland.

E39-utvalet i Sogn og Fjordane vil legg fram status, kostnadsutvikling og konkrete løysingar for korleis Hafstadfjelltunnelen kan kome i gang i denne perioden i Nasjonal Transportplan, og kor viktig det er at vi kjem i gang med andre prioriterte prosjekt på E39.

Etter innleiinga møter vi politikarar og fagstyresmakter til paneldebatt om prioritering, finansiering og framdrift.

Spørsmålet er enkelt: Kor mykje dyrare skal det få lov til å bli før spaden går i jorda?
Kontaktperson
Astrid Marie Vie (Rådgiver)
Telefon
+4799725143
E-post
astrid@sunnfjordutvikling.no
Arrangør(er):
E39 Utvalet Sogn og Fjordane

Medvirkende:

  • Rolf Sanne-Gundersen E39 utvalet Sogn og Fjordane
    Ordstyrar
Type arrangement:
Seminar
Tema:
Næring og økonomi, Stedsutvikling og samferdsel