Hopp til innhold

Energisikkerheit og forsvarsevne (del 1) - trusselbilde og utfordringar

10.08.2026 kl. 15:00 - 15:45

MS Sandnes ()

Energisikkerheit er ikkje lenger eit teknisk spørsmål. Det er eit spørsmål om nasjonal forsvarsevne.

Vestland kjenner utfordringa spesielt nært. Her ligg Nord-Europas største marinebase, Noregs einaste oljeraffineri og det største eksportanlegget for 40 prosent naturgass til Tyskland – kombinert med eit sårbart straumnett og ein posisjon som Noregs største fylke for produksjon av fornybar energi.

Situasjonen i Ukraina viser tydeleg utfordringsbiletet. Energiinfrastruktur er blant hovudmåla for angrep. I Noreg har vi alt hatt hybride angrep mot energianlegg. Energiselskap, industri, stortingspolitikarar og regjeringsrepresentantar møtest for å svare på spørsmåla vi ikkje lenger kan utsetje:

Kva er dei største sårbarheitene i dag? Kva hastar mest å utbetre? Kva kan vi lære fra situasjonen i Ukraina? Og kva krevst av avgjerder for å kome i mål? Kva risikerer vi å miste om vi ikkje handlar raskt nok.

Velkomen til samtalen vi ikkje har råd til å utsetje for å møte ei tid med geopolitisk uro.

Arrangementet kan med fordel sjåast i samanheng med Bergen Næringsråd sitt arrangement Energisikkerheit og forsvarsevne - frå trussel til politiske løysningar som finn også finn stad på MS Sandnes kl. 1600-1645. Der tek Bergen Næringsråd samtalen vidare – frå risiko og utfordringar til politiske løysingar.
Kontaktperson
Sølve Dag Sondbø (seksjonsleder)
Telefon
+4790075325
E-post
Solve.Dag.Sondbo@vlfk.no
Arrangør(er):
Vestland fylkeskommune

Ordstyrer:

  • Stian Jean Opedal Davies Vestland fylkeskommune
    fylkesvaraordførar

Medvirkende:

  • Jon Askeland Vestland fylkeskommune
    Fylkesordførar
  • Marte Gerhardsen Forsvarsdepartementet
    statssekretær
  • Natalia Antonia Golis Fritt Ukraine
    generalsekretær
  • Ragnhild Janbu Fresvik Eviny
    konsernsjef
  • Harris Utne Statnett
    direktør for regionale planer Vest
  • Erna Solberg Høyre
    Stortingsrepresentant, Utenriks- og forsvarskomiteen
  • Anders Hannevik Aker Solutions
    strategidirektør
  • Kristian Markegård NVE
    direktør for tilsyn og beredskap,
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Energi og industri, Sikkerhet og beredskap