Hopp til innhold

Frå kø til kapasitet: Har staten og reguleringa rigga nettet for den politikken politikarane ønskjer

11.08.2026 kl. 14:00 - 14:45

Havnegaten 4 (Havnegaten 4,)

Noreg har store ambisjonar for industri, elektrifisering og ny verdiskaping, og regjeringa ønskjer høgare tempo i nettutbygginga. Likevel stoppar det opp mange stader i nettet. Både industri, kommunar og nettselskap møter ventelister, usikkerheit og avslag – også i område der det finst mykje kraft.

Gir dagens regulering nettselskapa gode nok insentiv til å vere i forkant, eller blir dei i praksis straffa for å investere? Dagens system er i stor grad rigga for å kontrollere kostnader, men langt svakare rigga for å sikre kapasitet i tide. Det treff særs dårleg når politikarane samstundes ønskjer meir industri, raskare elektrifisering og høgare tempo i nettutbygginga.

Debatten handlar ofte om kostnaden ved å byggje for mykje nett. Men kva er eigentleg kostnaden ved å byggje for lite – eller for seint? Kva kostar det i tapte arbeidsplassar, forseinka industri og svekt lokal utvikling når kapasiteten ikkje kjem når han trengst?

Dette arrangementet set søkjelyset på det kanskje viktigaste spørsmålet i kraftdebatten akkurat no: Korleis går me frå kø og avslag til faktisk kapasitet? Med politikarar, industri, regulator og nettselskap i same panel løftar me diskusjonen om kva som står i vegen, kva som må endrast, og korleis me kan byggje eit nett som faktisk er rigga for vekst, elektrifisering og ny verdiskaping. Me spør også kven som skal bere risikoen og kostnaden når nettet må byggjast før behovet er fullt dokumentert.
Kontaktperson
Knut Lockert (Dagleg leiar)
Telefon
911 87 713
E-post
knut.lockert@distriktsenergi.no
Arrangør(er):
Distriktsenergi og Sognekraft

Ordstyrer:

  • Knut Lockert Distriktsenergi
    Dagleg leiar

Medvirkende:

  • Marte Haabeth Grindaker Energidepartementet
    Statssekretær
  • Karl Eirik Schjøtt-Pedersen Riksrevisjonen
    Riksrevisor
  • Kjetil Lund NVE
    Vassdrags- og energidirektør
  • Bjørn Carlsen Sygnir
    Dagleg leiar
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Energi og industri