Hopp til innhold

Korleis får vi fram fleire gründerar i regionane?

13.08.2026 kl. 14:00 - 15:00

Havnegaten 4 (Havnegaten 4)

Noreg treng fleire som startar, bygger og utviklar nye verksemder. Samstundes ser vi at mykje kapital, kompetanse og merksemd framleis blir samla i dei største byane.

Kva skal til for å bygge sterke gründarmiljø i regionane?
Korleis får vi fleire til å tørre å satse?
Og kva ansvar må regionane sjølve ta for å skape kultur, nettverk og kapital som gir fleire moglegheit til å lykkast?

Dette handlar ikkje berre om enkeltgründarar. Det handlar om framtidig verdiskaping, arbeidsplassar og innovasjon i heile landet.

Debatten samlar politikarar, gründerar, investorar, næringsliv og offentlege aktørar til ein konkret samtale om kva som faktisk verkar dersom vi ønskjer fleire vekstbedrifter og meir nyskaping utanfor dei største byane.
Kontaktperson
Jeppe Aagaard Jeppesen
Telefon
45355714
E-post
Jeppe@sognnaring.no
Arrangør(er):
Sogn Næring

Ordstyrer:

  • Jeppe Aagaard Jeppesen Sogn Næring
    Markedsrådgiver

Medvirkende:

  • Torbjørn Vereide Arbeiderpartiet
    Stortingsrepresentant
  • Alfred Bjørlo Drivkraft
    Dagleg leiar
  • Kjetil Hovland Digital Etikett
    Dagleg leiar
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Næring og økonomi, Stedsutvikling og samferdsel