Hopp til innhold

Kven skal sitje att med verdiane frå norsk reiseliv?

12.08.2026 kl. 16:00 - 17:00

Havnegaten 4 (Havnegaten 4)

Norsk reiseliv veks raskt, men kven sit eigentleg att med verdiskapinga – og kven tek ansvaret for lokalsamfunna når turistane reiser vidare?

I fleire distriktskommunar har lokale aktørar brukt tiår på å bygge opp attraktive reisemål gjennom investeringar, risikovilje og langsiktig arbeid. Samstundes kjem stadig fleire eksterne aktørar inn for å hente ut verdiar i høgsesongen, utan nødvendigvis å bidra til utviklinga resten av året.

Korleis sikrar vi meir lokal verdiskaping?
Treng vi sterkare reguleringar innan guiding, transport og korttidsutleige?
Og korleis bygger vi eit reiseliv som både skaper vekst og sterke lokalsamfunn?
Kontaktperson
Jeppe Aagaard Jeppesen
Telefon
45355714
E-post
Jeppe@sognnaring.no
Arrangør(er):
Norway's best

Medvirkende:

  • Per Vidar Kjølmoen Arbeiderpartiet
    Stortingsrepresentant
  • Per-Arne Tuftin Norsk Reiseliv
    Adm. dir.
  • Hanna Sverdrup Moskenes
    Ordfører
  • Bent-Cato Danielsen Norway's best
    Driftsdirektør
  • Hege Janson Skogen
    Debattleiar
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Næring og økonomi, Stedsutvikling og samferdsel