Merkevara Sogn – korleis ein region dreg lasset i lag
12.08.2026 kl. 12:00 - 12:45
Havnegaten 4 (Havnegaten 4,)
Kva skal til for at ein region snakkar med ei felles stemme – utan at dei lokale særprega forsvinn?
Sogn er i gang med eit arbeid for å samle kommunar, næringsliv, reiseliv, kultur og frivillig sektor rundt ei felles forteljing om regionen. Målet er ikkje å gjere alle like, men å finne det som bind oss saman og gjer oss sterkare når vi løftar i lag.
I ei tid der regionar konkurrerer om arbeidskraft, studentar, etableringar og investeringar, blir evna til å stå fram med ein tydeleg identitet stadig viktigare. Samtidig handlar regional merkevarebygging om meir enn å vere synleg utad. Når ein region tek seg tid til å diskutere kven han er, kva verdiar han byggjer på og kva framtid han ønskjer, skaper det ofte verdiar også internt.
Folk blir betre kjende med kvarandre. Nye samarbeid oppstår. Stoltheita over eigen region veks. Og kanskje blir regionen betre kjend med seg sjølv.
Korleis byggjer ein ei felles forteljing i ein region med sterke lokale identitetar? Kva gevinstar kan oppstå når kommunar og verksemder ser seg sjølve som del av noko større? Og kva kan andre regionar lære av erfaringane frå Sogn?

- Kontaktperson
- Jeppe Aagaard Jeppesen
- Telefon
- 45355714
- Arrangør(er):
- Sognaregionen
- Type arrangement:
- Samtale