Hopp til innhold

Når norske kvinner ikke får medisinen sin – hvem tar regningen for tapt arbeidskraft?

11.08.2026 kl. 17:00 - 17:45

MS Sandnes ()

Legemiddelmangel har dei siste 10–15 åra blitt eit stadig større problem, med fleire kritiske og langvarige mangelsituasjonar. Mange kvinner i overgangsalderen har opplevd at apoteka manglar medisinar dei er avhengige av for å fungere i kvardagen. Kvifor skjer dette, og kva handlingsrom har pasientar, legar og apotek når legemiddel ikkje er tilgjengelege?

Samtidig veit vi at mange kvinner i denne livsfasen fell heilt eller delvis ut av arbeidslivet. Rett diagnose og behandling er avgjerande for å kunne stå i jobb. Kva konsekvensar får legemiddelmangel for arbeidsdeltakinga, og er dagens ordningar tilstrekkelege? Bør farmasøytar få større handlingsrom når forskrivne legemiddel ikkje er tilgjengelege, og korleis kan vi sikre betre tilgang til nødvendige legemiddel?

Arrangementet løfter òg blikket mot den nasjonale legemiddelberedskapen. Noreg er i stor grad avhengig av import av legemiddel. Kor godt rusta er vi dersom forsyningslinjene blir utfordra, og kva grep må takast for å sikre framtidas legemiddelforsyning?

Beate S. Korsøen, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, opnar arrangementet med si personlege historie om utfordringar med tilgang til medisinar i overgangsalderen og kva dette kan bety for den enkelte, arbeidslivet og samfunnet.

I panelet deltek:

Farahnaz Bahrami (Ap), stortingsrepresentant og medlem av helse- og omsorgskomiteen. Ho vil gi eit politisk perspektiv på kvinnehelse, legemiddelpolitikk og nasjonal beredskap.

Hanne Andresen, fagdirektør i Apotekforeininga og farmasøyt. Ho arbeider dagleg med handtering av legemiddelmangel og vil dele erfaringar frå apotek og legemiddelforsyninga.

Marianne Natvik, lege, stipendiat og forfattar. Ho forskar på overgangsalder og kvinnehelse og er oppteken av å auke kunnskapen blant helsepersonell, kvinner og arbeidsgjevarar.

Silje Mæland, professor ved Universitetet i Bergen og ein av leiarane for forskingsprosjektet KLAR – Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidsliv. Ho forskar på samanhengen mellom helse, arbeid og samfunn.

Ordstyrar: Berit Angelskår, klyngeleiar i Alrek helseklynge, med brei erfaring frå debattar om kvinnehelse, arbeidsliv og helsetenester.
Kontaktperson
Martin Marøy
Telefon
94037107
E-post
martin.maroy@regionnordhordland.no
Arrangør(er):
Region Nordhordaland, Nordhordland Næringslag og Alrek helseklynge

Ordstyrer:

  • Berit Angelskår Alrek helseklynge
    Leiar

Medvirkende:

  • Beate Korsøen Nordhordland næringslag
    Dagleg leiar
  • Marianne Natvik
    Lege og forfattar
  • Silje Mæland UIB
    Professor
  • Farahnaz Bahrami Arbeiderpartiet
    Stortingsrepresentant, helse- og omsorgskomiteen
  • Hanne Andersen Apotekforeningen
    Fagdirektør
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Helse og velferd, Næring og økonomi