Hopp til innhold

Frå eit av verdas vakraste reisemål til eit av verdas beste lokalsamfunn?

12.08.2026 kl. 15:00 - 15:45

Havnegaten 4 (Havnegaten 4)

Flåm har utvikla seg til å bli eitt av dei mest attraktive reisemåla i Noreg. Gjennom langsiktige investeringar, tett samarbeid mellom offentlege og private aktørar og ei tydeleg satsing på kvalitet har reiselivet skapt arbeidsplassar, aktivitet og ny verdiskaping i regionen.

Men vekst kjem ikkje av seg sjølv – og han er heller ikkje verdifull dersom han ikkje styrkjer lokalsamfunna.

Korleis kan reiselivet bidra til levande bygder, fleire heilårsarbeidsplassar og berekraftig utvikling? Kva rolle spelar samarbeid, eigarskap og langsiktig tenking? Og kva kan resten av landet lære av erfaringane frå Flåm?

På denne samlinga møter du aktørar frå Norways Best, Aurland kommune og norsk reiseliv som deler erfaringar frå utviklinga av reisemål i verdsklasse. Gjennom innlegg og samtalar utforskar vi korleis reiselivet kan bli ei drivkraft for lokal verdiskaping, attraktive lokalsamfunn og berekraftig vekst – og kva som skal til for at suksessen kjem både innbyggjarar, næringsliv og framtidige generasjonar til gode.
Kontaktperson
Jeppe Aagaard Jeppesen
Telefon
45355714
E-post
Jeppe@sognnaring.no
Arrangør(er):
Norway's best

Ordstyrer:

  • Arve Tokvam Norway's best
    Leiar Kommunikasjon og Strategi

Medvirkende:

  • Kjell Bøe Bjørgum Aurland kommune
    Ordførar
  • Marta Rongved Vestland fylkeskommune
    Seniorrådgjevar
  • Asle Prestegard Scandic Norge
    Adm. Dir.
  • Per Brochmann Norway's best Group AS
    Konsernleiar
  • Line Samuelsen Norwegian Travel Cluster
    Reiselivssjef
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Næring og økonomi, Stedsutvikling og samferdsel