Hopp til innhold

Skeivheiter i energipolitikken – og konsekvensane for lokal aksept

11.08.2026 kl. 11:00 - 11:45

Havnegaten 4 (Havnegaten 4,)

Det er lett å vedta meir nett og meir kraft nasjonalt – langt vanskelegare å få lokal aksept for å byggje det. Mange kommunar og lokalsamfunn opplever at dei sit att med naturinngrep, konfliktar og høgare kostnader, medan gevinstane i større grad kjem andre stader.

Lokal aksept kjem ikkje av seg sjølv. Den krev at kostnader, inngrep og gevinstar blir fordelte på ein måte folk opplever som rimeleg.

Når folk og bedrifter opplever store skilnader i nettleige, kraftpris og tilgang på energi, svekkar det tilliten til energipolitikken – og det gjer det vanskelegare å få gjennom nye prosjekt. Samstundes er det brei semje om at nettet må byggjast raskare og at me treng meir både nett og produksjon.

I dette arrangementet skal me debattera kven som faktisk skal betale for det grøne skiftet, korleis kostnadene bør fordelast, og kva som må endrast for at kommunane igjen skal seie ja til meir nett, vind og vatn.
Kontaktperson
Knut Lockert (Dagleg leiar)
Telefon
911 87 713
E-post
knut.lockert@distriktsenergi.no
Arrangør(er):
Distriktsenergi og Sognekraft

Ordstyrer:

  • Knut Lockert Distriktsenergi
    Dagleg leiar

Medvirkende:

  • Torbjørn Vereide AP
    Stortingsrepresentant
  • Øistein Schmidt Galaaen Fornybar Norge
    Direktør Næringspolitikk
  • Roy Stadheim Vik kommune
    Ordførar
  • Bjørn Carlsen Sygnir
    Dagleg leiar
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Energi og industri