Hopp til innhold

Usynlege barrierar: Kvifor fell jenter med minoritetsbakgrunn utanfor idretten?

11.08.2026 kl. 13:00 - 14:00

Skoleskipet MS Gann (Kystveien 2)

Norsk idrett blir ofte omtalt som open og inkluderande, men deltakinga er langt frå likt fordelt. Jenter med minoritetsbakgrunn er den gruppa som i deltek minst og sluttar tidlegast i organisert idrett. Kva er det me ikkje ser og kven sine erfaringar manglar i debatten?

For å tydeleggjera tematikken er det naudsynt med meir kunnskap frå dei det gjeld. Det kan bidra til å synleggjere barrierar som ofte er usynlege for majoritetsbefolkninga. Dette arrangementet tek utgangspunkt i Åse Mørkve sitt doktorgradsprosjekt, som undersøker korleis jenter (foreldre født i Afrika eller Asia) som driv med eller har drive med idrett opplever deltaking i organisert idrett.

Jentene fortel om både glede, meistring og fellesskap på idrettsarenaen. Men dei fortel også om kjensla av å stå på utsida utan at det nødvendigvis blir lagt merke til av majoritetsbefolkninga rundt. Barrierane handlar ikkje berre om økonomi og praktiske forhold. Det handlar like mykje om opplevingar av å bli sett som annleis (og kjenne seg aleine om det) og kjensla av å bli tillagt ei rolle utover det å vere ei idrettsjente. Det handlar og om korleis jentene opplever andre sine forventningar til deira familie som gjerne ikkje er «riktige idrettsforeldre». Trenaren spelar ei nøkkelrolle i om barrierane kjennest overkomelege for jentene. Trenaren kan verke som ein fasilitator for idrettsdeltaking for jentene. Samstundes kan manglande kunnskap og forståing hjå trenaren uforvarande skape ekskluderande dynamikkar som gjer deltakinga vanskelegare for jentene.

Arrangementet lyfter fram desse erfaringane for å gje eit meir presist bilete av jentene sine eigne perspektiv på kva inkluderande idrett krev i praksis.
Kontaktperson
Solfrid Øvrebø NLA Høgskolen (Kommunikasjonsleder)
Telefon
+4741623426
E-post
solfrid.ebbesen@nla.no
Arrangør(er):
NLA Høgskolen

Medvirkende:

  • Åse Mørkve NLA Høgskolen
    Stipendiat
  • Hilde Danielsen NLA Høgskolen
    Professor
Type arrangement:
Debatt
Tema:
Kultur og frivillighet